Brubyggaren Nour
- Å hjelpe andre med å kome i gang, det er å skape fred, seier 20-årige Nour Aburashid frå Sandefjord. Ho lærer bort norsk og norsk kultur til arabisk-talande via Facebook og What’s App.
Sidan Nour kom til Noreg som 4-åring, har ho nytta seg av aktivitetstilbodet i Vestfold. Den ivrige deltakinga hennar gjorde at ho som 16-åring vart verva til ungdomsgreina av Norsk Folkehjelp, Solidaritetsungdom, der ho seinare vart styremedlem.
- Etter vidaregåande hadde eg behov for eit friår på folkehøgskule, men det tok ikkje lang tid før eg fekk lyst til å engasjere meg i noko igjen, fortel Nour.
På folkehøgskulen fekk ho friska opp att norsken etter to år på engelskspråkleg skule, og ikkje minst få prøvd seg på ski i dei nordmørske fjella.
- Det slo meg at mange ikkje har så lett tilgang til innføring til norsk språk og kultur. Men sidan eg er flytande i både norsk og arabisk, har eg ei unik moglegheit til å lære ifrå meg, fortel Nour.
Flerkulturell fordel
I fritida på folkehøgskulen begynte ho derfor med norskopplæring via Facebook-sida LearnNorwegian123, og innan kort tid hadde sida fått fleire tusen likes.
- Det er så lett å hjelpe, og kanskje spesielt for meg som har eit bein i den norske kulturen og eit bein i den arabiske. At eg forstår ulike arabiske dialektar, gjer også at eg kan forklare små nyanseforskjellar, seier Nour.
For å lære bort språk via nettet, måtte Nour sjølv sette seg inn i alt ifrå preposisjonsreglar til verbbøying.
- Norsk grammatikk er ikkje så lett, så eg måtte blant anna finne fram dei gamle lærebøkene til foreldra mine som dei brukte då dei skulle lære språket i vaksen alder, fortel ho.
Støtte fra familien
I dag er familien dei næraste støttespelarane i det frivillige engasjementet hennar, og bidreg ofte på dugnad når ho ber om det.
- Foreldra mine hjelper med køyring og matlaging når eg har temakveldar, medan brørne og systera mi hjelper spesielt til i språkprosjektet, seier Nour.
Mora Suhad, som er med til intervjuet sidan dei skal på shopping seinare, skyt inn at ho er veldig stolt av dottera si og at ho derfor gladeleg hjelper til.
- Ved å hjelpe andre, hjelper Nour også oss; både med språket og å bli kjend med fleire menneske, seier Suhad.
Pappaen til Nour kom først åleine til Noreg, men fekk ein norsk bestevenn som raskt inkluderte dei andre familiemedlemmane då dei kom. Suhad og Nour trur den varme velkomsten gjorde at dei fort fann seg til rette i sitt nye heimland.
- No lever vi gode liv, og ønskjer å gi den moglegheita vidare til andre som har kjent på same uroa som oss, seier dei to.
Gjennom nettundervisninga kan Nour nå ut til mange som er i startsgropa av opphaldet sitt, men understrekar at inkluderande aktivitetar er vel så viktig som tradisjonell språkopplæring.
- Om ein ikkje får uformell språkpraksis, kan ein fort få ein skeiv start der det blir vanskelegare å bli integrert etterkvart som tida går, seier Nour som også arrangerer symjekurs for minoritetskvinner i regi av Norsk Folkehjelp.
Nour Aburashid vart nominert til Årets Frivillig-prisen i 2016. Sjå videopresentasjonen av ho her.
Tekst og foto: Inger Johanne Ruset. 2017.