Med musikk som universalspråk

Når ein ikkje snakkar same språk, kan ein likevel kommunisere gjennom rytmar og melodiar. Det er hovudtanken bak integreringsprosjektet SMIA.

Ida-Svanes-Ziener-3.jpg

Då det strøymde til med asylsøkjarar rett ved barnehagen ho er tilsett på, fekk artist og musikkpedagog Ida Svanes Ziener lyst til å bidra med noko.  Ida melde seg først frivillig til å halde musikkstunder på Torshov transittmottak, og hausten 2016 fekk ho og makker Joachim Huby prosjektmidlar frå SMIA (Sang og Musikk i Asylmottak) for å kome jamleg på ulike mottak i Oslo.

SMIA vart starta vårn 2016 av Musikkens studieforbund og Norsk musikkråd gjennom via aktivitetstilskot frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Per i dag står frivillige organisasjonar som Korpsnett Norge og AKKS for om lag 35 SMIA-tiltak over heile landet.  Prosjektet til Ida eit samarbeid med Norsk Viseforum og Fond for utøvende kunstnere.

- Prosjektmidlane har gjort at eg og Joachim kan legge inn ein større innsats for fleire, seier ho.

Forutan honorar til planlegging og gjennomføring av fleire musikkgrupper gjennom hausten, har midlane blitt brukt på innkjøp av ulike instrument som asylsøkjarane kan bruke under samlingane.

- Mange kjem frå ein sterk musikktradisjon, og vegen er ikkje lang før nokon deler ein song eller ein melodi frå heimlandet sitt. Gjennom musikkgruppene oppstår fine fellesskap og gode opplevingar,  seier musikkpedagogen.

Ida trur musikkgruppene er med å skape trygge og positive rammer for det som kan vere ein svært usikker kvardag som asylsøkjar.  I løpet av to timar syng dei alt frå norske barneviser til arabiske og afrikanske folketonar. Nokon gongar dansar dei også, alt etter kva gruppedynamikken tillèt.

- Då eg først melde meg frivillig var det viktig for meg å gi eit tilbod til barna på asylmottaket, men no har vi eit opplegg tilpassa alle aldersgrupper,  fortel Ida.

I periodar er det ikkje så mange barn på transittmottaka, slik at dei faste musikkgruppene hovudsakeleg består av vaksne.

 Konsert med Torshovhagen barnehage

Konsert med Torshovhagen barnehage

- Det er stor gjennomstrøyming på transittmottaka, så ein veit aldri heilt kven som møter ein frå veke til veke. Det er litt utfordrande. Likevel trur eg også små møter kan utgjere ein forskjell for enkelte, seier Ida.

Utover i 2017 har ho lyst til å ta med barna frå Torshovhagen barnehage med for å opptre meir for asylsøkjarane, noko dei gjorde for første gang i desember 2016.

- Det som er så fint med musikken er at ein kan kommunisere med kvarandre på tvers av språk og alder, og som pedagog er eg oppteken av at alle skal kunne vere med uavhengig av om dei kan å spele instrument eller ei. Eg opplever at både barna og asylsøkjarane set pris på besøka, avsluttar Ida.

Tekst og foto: Inger Johanne Ruset. 2017