Inkluderer med iskrem

Karin-Mogstad-1.jpg

Ved å la eit dusin unge asylantar produsere og selje iskrem,  har dei unge entreprenørane i den frivillige organisasjonen International Sandwich Brothers gjort stor suksess på få månader.

Då nokre unge mannlege asylantar byrja å sykle rundt i Oslo-gatene med store smil og eigenprodusert sandwich-is, tok det ikkje lang tid før rikspressa meldte interesse.  Sjølv i beste sendetid på Lindmo har dei fått vist seg fram, og no begynner isseljarane også å markere seg i konkurransar for sosialt entrepenørskap.

- Det har gått utruleg fort, seier Karin Mogstad (25) som er ein av initiativtakarane bak prosjektet. Saman med medstudentar på arabiskkurset til Universitetet i Oslo har ho det siste halvåret jobba på spreng med å utvikle International Sandwich Brothers.

Bakgrunnen var eit felles ønske om å bli betre i språket dei sjølv studerer, og samtidig bidra til auka integrering blant unge flyktningar med permanent opphaldsløyve.

- Vi såg at det allereie finst mange gode tiltak retta mot kvinner, men ingen spesielt retta mot unge mannlege asylantar. Vi ville gi arbeidstrening til desse gutane og samtidig skape eit møte mellom mannen i gata og nyleg busette asylantar. Iskrem verka som eit godt og ufarleg utgangspunkt,  seier Karin.

Arbeidsinnsatsen til studentane er dugnadsbasert, men dei tilsette asylantane får vanleg timebetaling. Finansiering til produksjonen får dei blant anna frå konkurransepremiar og velvillige sponsorar.

- På sikt jobbar vi for å bli økonomisk berekraftige og vil blant anna utvide salet med lunsj-sandwichar i tillegg til iskrem,  fortel Ida.

Det viktigaste for Sandwich Brothers har vore samarbeidet med flyktningkontoret i Gamle Oslo bydel, som sette dei i kontakt med aktuelle mannlege asylantar mellom 18 og 25 år.

Sandwich gruppebilde
Sandwich gruppebilde

-  Med deira faghjelp og kompetanse har vi fått høve til å  dele erfaringar og få tilbakemeldingar. Det er eksempelvis ikkje alle asylantar ein skal spørje om flukta til Noreg. Det kan vere eit svært sårt tema for somme, og slike ting har flyktningkontoret gjort oss merksame på. I starten var dei unge mennene redde for tanken på å selje is på eit framand språk. At sals-syklane mangla logoar i ein periode då merkevaren var ukjent, gjorde ikkje jobben lettare.

- Vi måtte  vere tydelege på forventningane våre, og presse dei ut av komfortsonen sin. At vi snakkar arabisk, var nok ein stor fordel for å raskt skape tillit blant asylantane, seier Karin.

Det tok d erimot kort tid før dei unge mennene blomstre  i sine nye roller.  Norsknivået har auka raskt, og fleire har også funne nye bestevennar gjennom iskrem-jobben sin.

- Gutane har blitt meir opne og positive, og vi har også fått tilbakemeldingar frå lærarar om at dei presterer betre i studiane. Slikt er utruleg motiverande, seier Karen.

Sjølv om det er lenge til neste iskremsesong, er gjengen i Sandwich Brothers godt i gang med å planlegge vegen vidare. No skal dei ta stilling til om dei skal halde fram som organisasjon eller bli bedrift, og om dei skal utvide drifta og talet på tilsette.  Nyleg vann dei ein plass i  inkubatorprogrammet Boost Refugee, der dei får god rettleiing på desse områda.

- Målet vårt er å forbetre Sandwich Brothers med ein modell som kan overførast til andre byar, samt perfeksjonere iskremen vår!,  avsluttar Karin.

Tekst: Inger Johanne Ruset Foto av Karin Mogstad: Inger Johanne Ruset Foto av Sandwich Brothers: Sandwich Brothers. 2017.